Artistar 2022

  • Return

    I 1980 gjekk fire gutar frå Stange
 saman og danna bandet som i 1985 fekk namnet Return.

    Dei vann NRK sin rockemønstring med låta ”Sheila”, og to år seinare ga dei ut si fyrste plate “To the top”. Låta “Sing me a song” låg heile 56 veker på norsktoppen! Utover 80- og 90-talet ga Return ut 5 studioalbum som til sammen har solgt over 600 000 eksemplar.

    I 2000 kom “Best of Return”, og bandet har utover 2000-talet opplevd ein ny vår. Dei slepper jevnleg nytt materiale og stadfestar posisjonen sin som eit av Noregs mest populære band.

  • Jan Eggum

    Jan Eggum med husband er klar for Lægreidsfest.

    Jan Eggum er norsk visesangar, gitarist, komponist og tekstforfattar. Han har vore aktiv sidan 1975 og karakteriserast ofte som “eit ansikt for melankolien”. Tema i sangane er ofte kjærleikssorg, einsemd og tungsinn. Men han viser òg både samfunnskritiske og meir trivielle og morsomme sider av seg sjølv i låtane.

    Det var utruleg hyggeleg på fredagen i 2021 med Bjørn Eidsvåg som opningsartist. Me fortsetter festen med Jan Eggum som fyrste artist ut fredag ilag med vårt husband leda av Svein Dag Hauge.

  • Ole Evenrud / Ole i'Dole

    Ole Evenrud er popsangar, produsent og låtskrivar frå Halden.

    Han debuterte som Ole I’Dole i 1982 med den vittige singlen “Det va’kke min skyld”, og blei kjend for sine fengande popsangar og ærlege, norskspråklege tekstar sett frå ein tenårings ståsted på albuma Blond og billig (1983) og Popaganda! (1985). Han hadde suksess på Norsktoppen med Framtidsskrekk (1983) og Space, action, sex og blod (1984).

    Seinere år er han også blitt kjend som dommar i Idol og Stjernekamp, samt produsent.

  • ZOO

    Etter oppfordring frå fleire arrangørar, nye og gamle tilhengarar, har originalbesetningen fra 80-tallets ZOO bestemt seg for å gjennomføre enkelte, utvalde konsertar.

    Gamle og yngre tilhengarar vil gjenkjenne eit stort repertoar med nordnorske slagarar frå i alt seks plateutgivelser i perioden 1978-84: - «Vent,- ikkje lægg på», «Evig ung, « Du e`kje her», «Si det», «Linemor», «Byen» m.fl..

    ZOO-besetningen anno 2022 inkluderer Ketil Stokkan (gitar, vokal), Sverri Dahl (tangentar, vokal), Geir Nordheim (trommer, vokal) og Stig Andreassen (bass, vokal). Dessverre mista bandet saksofonisten sin i 2020, men har allereie ein knallbra vikar. ZOO har spilt for hundretusenvis av elleville nordmenn i løpet av karriera, og veit at dei gamle sangane har overlevd tidens tann.

  • Bergen Blues Band

    Bluesbandet frå Bergen blei starta i 1974 av John Magnar Bernes, betre kjent som Hungry John.

    Opprinneleg skulle bandet berre ha ein spelejobb på Nattjazz i Bergen det året, men etterspurnaden blei så stor at dei blei eit fast band.

    Opp gjennom åra har bandet hatt fleire ulike medlemmar, men samtlege som har vore innom Bergen Blues Band har markert seg kraftig i norsk musikkliv.

    Dei heldt ein gjenforeningsturné i 2010 i høve utgivinga av deira fyrste samleplate, med besetningen Bernes, Thomsen, Korneliussen, Atle Johannesen (gitar) og Aksel Fjæra (bass). Og no kjem dei til Lægreidsfest!

  • Pogo Pops

    Hausten 2017 feira Popo Pops frå Bergen 30 år som band.

    Bandet var ein viktig del av bergensbølgen på første halvdel av 90-talet saman med band som Barbie Bones og Chocolate Overdose. Dei ga ut fire album, alle prega av progressiv, melodiøs poprock. Pogo Pops blei for albumet “Pop Trip” i 1992 nominert til Spellemannsprisen, og fekk Spellemannsprisen i klassen pop i 1993.

    Pogo Pops anno 2021 har med seg det beste frå 30 år med kvalitetsbevisst musikalitet tilført nyvunnen speleglede. Dei reindyrker trioformatet, og sjølv om sistealbumet har tatt nye steg med både bredere musikalsk uttrykk og dypere låter, er det fremdeles et solid Pogo Pops-stempel med inspirasjon fra det beste av det britiske.

  • Bjøro Håland

    Bjøro Håland er ein av dei aller mest solgte countryartistane her til lands. Han debuterte på scena allereie som 5-åring, og hadde den første innspillinga si i 1970.

    Den første plata, “To My friends” kom i 1979. Gjennom karriera har han gjett ut heile 23 album, og solgt fire millionar eksemplar!

  • Aunt Mary

    Bandet Aunt Mary blei starta allereie i 1969, og blir sett på som eit av Noregs mest ikoniske progrock-band.

    Få norske band har oppnådd like mykje internasjonal anerkjenning som Aunt Mary. På midten av 70-talet blei dei samanligna med gigantar som Deep Purple, Yes og Jethro Tull.

    Sjølv beskriv dei musikken som ein perfekt blanding av hard-rock heavy beats kombinert med symfoniske og melodiøse undertonar.

  • Dream Police

    Dream Police er eit norsk band fra Fredrikstad som var særleg populært på 1990-talet. Dei spelar melodiøs, bluesbasert hardrock og tok namnet sitt etter ein låt med Cheap Trick fra 1979.

    Gruppa blei danna i 1989 av vokalist Odd René Andersen, bassist Rino Johannessen og trommeslagar Ole Petter Hansen Chylie frå Fredrikstad, samt gitarist Trond Holter frå Halden.

    Albumdebuten “Dream Police” kom ut på CBS, nådde 9. plass på VG-lista i desember 1990 og blei nominert til Spellemannsprisen. Plata blei óg gitt ut i Japan og Canada. Oppfølgaren “Messing With The Blues” gjekk til 13. plass i 1992, men samme år blei Dream Police oppløst. No kjem dei til Lægreidfest, og me gler oss!

  • Olav Stedje

    Olav Stedje er tilbake og klar for Lægreidfest 2022.

    Det var heilt magisk stemning med Olav på Lægreidfest i 2021, så me måtte berre ha han tilbake.

    Denne gangen har han i tillegg med seg gjestar … "Lægreidbandet" under leiing av Svein Dag Hauge er også med.

    Raudvin i glaset, med låtar som “Silje”, “Nordmann sin draum”, “Me vandrar saman” … Me berre spør: kan det bli betre?

  • Funhouse Plays Müller

    Powertrioen med Marius Müller i front som herja landet på 90-talet, og som fekk terningkast 6 i VG som konsertband, vil no heidra gitarlegenden med ein ny besetning som best kan kallast ei supergruppe.

    Totto Hansen på trommer og Pål Reinertsen på bass er dei to originale Funhouse’arane. Dei sto sist på scena saman i eit fullstappa Rockefeller i Oslo med ei hyllestutgåve av Funhouse på konserten tilegna Müller 20. august 2018.

    Med seg har dei Per Hillestad (bl.a. Lava, A-ha), Tommy Kristiansen på gitar (bl.a. Kurt Nilsen, Alan Walker, Sigrid), Odd Einar Nordheim på vokal (The Voice, Stjernekamp) og Kristian Wentzel på tangent (Ninjabeat, Crest of Darkness, D’Sound, og ja, fra den Wentzel-familien).

    Som Totto seier: For å fylle tøflane etter Marius måtte det eit heilt superlag til!

  • Fanaraak

    Atle Lægreid trudde han skulle sleppe unna. Men bookinggruppa insisterte på dacapo.

    Denne gangen har dei til og med øvd! Tida vil vise om dette var lurt - det rocka i alle fall i 2021!

  • Gunn Kvaale

    Gunn Marit Kvåle er ein ung og ambisiøs artist og låtskrivar. Ho veks opp i ein musikalsk familie, noko som har gjeve ho store ambisjonar frå ein ung alder.

    Ho har allereie vunne fleire musikkonkurransar og har delt scene med Olav Stedje, Tone Damli og Jarle Bernhoft. Karriera blei for alvor kickstarta i 2021 då ha ga ut debutsingelen “Fade”. Me gler oss til å sjå ho på Lægreidfest!

  • Sara Rose

    Ny, ung musikkduo som tek deg med på ei reise der vakre tonar flyt i form av forteljingar om kjærleik, lengsel, tvil, takksemd og glede. Duoen består av Sara Rose Zadig og Gjest Kvåle, som med ulike musikalske reiser har skapt eit eige uttrykk. Her møtes Sara sin lidenskap for 70-tals singer/songwriter, folk/rock, og Gjest sin interesse for amerikansk folk/bluegrass.

    På Lægreidfest 2022 vil de få ein smakebit på det kommande debutalbumet deira.

Artistane kjem. Kjem du?