Om Lægreidfest

Litt historikk for deg som aldri fekk oppleva Lægreidskjellaren…

Alvhild Lægreid

Anna og Magnus Lægreid opna i 1939 Lægreid Pensjonat i sentrum av Sogndal. Tjue år seinare overtok dottera Alvhild roret, og etter fleire ombyggingar og utvidingar vart pensjonatet til hotell. På 70-talet kom sonen Atle inn i drifta, og i 1977 vart Lægreidskjellaren opna.

Det var lågt under taket, scena var lita, dansegolvet ynkeleg - men stemninga var alltid “full trøkk”.

Etter ein Åge Aleksandersen & Sambandet-konsert kan vi i Sogn Avis 20. februar 1990 lese:

-Lægreid er for oss sjølve sjefsplassen i landet. Det fortel mangeårig gitarist og den einaste attverande frå det gamle Sambandet, Terje Tranås, til Sogn Avis.

-Alltid mykje folk, stor stemning og for oss på scena ein unik, intim nærkontakt med glade og entusiastiske publikummarar.

Og han får full støtte av sjefen sjølv, Åge Aleksandersen:

-Etter å ha vore gjennom ein lang konsert-turne er det godt å kome til eit danselokale der vi får ein heilt annan kontakt med folk.

Frå opninga i 1977 til Lægreidskjellaren stengde i 1995 var dette ein populær samlingsstad for rockeinteresserte.

Her kom både nasjonalt og internasjonalt kjende artistar. Fleire av dei skal vi igjen få oppleve på Lægreidfest 9-10. juli.

Men ikkje minst var Lægreid ein spesiell stad for musikarar.

På kjøkenet til Alvhild og Atle hadde musikarane stort sett fri tilgang, og ein del av dei visste også godt kvar Alvhild hadde barskapet sitt! Lægreid skulle vere litt som å komme heim att.

No kan me endå ein gong ønskje våre kjære musikarvener tilbake til Lægreid.

Annonse Sogn Avis juni 1985

Alvhild er gått bort, barskapet er flytta, men litt av stemninga og atmosfæra frå Lægreidskjellaren håper me å gjenskape på Lægreidsplassen.

Velkommen til to unike mimredagar i Sogndal.

-> Kjøp festivalpass